Førebyggjande og helsefremjande samtale

Førebyggjande heimebesøk er ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesten og er eit tilbod om råd og rettleiing til seniorane i kommunen. Kommunen tilbyr deg som fyller mellom 80 år – 85 år eit heimebesøk. Tilbodet kan gje informasjon om korleis ein kan bevare helsa og moglegheita til å leve eit sjølvstendig liv. Samtala kan gje kunnskap om enkle endringar som kan bidra til auka livskvalitet og tryggleik i heimen. Viktige samtaleemne kan være sikring, ernæring og kvardagsaktivitet. Eit førebyggjande heimebesøk kan opne døra til fleire aktivitetstilbod. Her vil du få kunnskap om moglegheiter i seniortilværelsen og du mottar ei mappe med informasjon.

Føremålet med heimebesøket er at du som er innbyggjar og senior får etablert kontakt med sjukepleiar i kommunen som er ansvarleg for dette. Erfaring viser at ei slik kontakt opplevast som trygt, informativt og kan bidra til auka meistring i eiga liv.

Du vil få eit brev i posten med informasjon om tilbodet og ei avsett tid for heimebesøket. Om tidspunktet ikkje passar eller du ikkje ynskjer besøk, er det fint om du tek kontakt med sjukepleiar som er ansvarleg for tenesta.

Helsekontakt

Kviteseid kommune tilbyr helsekontakt til innbyggjarar i løpet av det året dei fyller 75 år – 79 år. Tilbodet gjeld dei som ikkje mottek omfattande helse og omsorgstenester. Forsking og erfaring viser at ei slik kontakt kan vera ei tryggleik og auke moglegheitsrommet i eige liv.

Ein kan vera samtalepartnar om tema som:

  • Tema du sjølv er oppteken av
  • Eiga helse
  • Trivsel og sosialt nettverk
  • Sikring i kvardagen
  • Auka medvit om bruk av teknologi

Du vil få eit brev i posten med informasjon om tilbodet, ei brosjyre om aktivitetar som finnes i kommunen og ei brosjyre om tryggleik heime.

Dette er eit tilbod som gir deg moglegheit til å ta kontakt om du sjølv ynskjer det. Helsekontakt med sjukepleiar er gratis, ikkje bindande og ein har teieplikt.