Det blir ei samtale med bibliotekar Sigrid Nesland Vejen med utgangspunkt i boka «Dømte kvinner». Dette er ei barne- / ungdomsbok og fokuset i samtala blir korleis skrive for barn og unge, korleis nærme seg eit slikt tema, kva ligg bak, kva for eit utval er gjort osb. Ein kjem også inn på overordna tematikk; kven dømmer, kven blir dømt og kva blir dei dømt for?

Linn T. Sunne er ein veldig god formidaer og kan også fortelje om ein eller fleire av dei dømte kvinnene. Det er eksempel frå Telemark i boka. 

Det blir høve til å kjøpe og få signert bøker. 

Om boka "Dømte kvinner" 

"Om norske forbrytarar. Dei fleste lovbrot blir utført av menn, og det er ofte dei vi også høyrer om. Men også kvinner har stått for grusomme handlingar gjennom historia. I denne boka møter du 11 kvinner som er dømt for ulike forbrytelsar i Noreg frå 1600-talet og fram til i dag. Vi møter mellom anna Lisbeth Nypan som blei dømt for trolldom i 1677. Vi får også høyre om eit spøkelse som gjekk igjen og fortalde om eit barnedrap i Nordland og ei tjenestejente frå Skien som starta ein brann og stal pengar fordi ho ville gifte seg." Kjelde: Ark.no 

Vel møtt!