Plan- og bygningslova §10-1 stiller krav til at kommunestyret minst ein gong i valperioden skal vedta ein kommunal planstrategi, seinast eitt år etter konstituering. Kommunal planstrategi er eit overordna planverktøy og føremålet er å klargjere kva for planoppgåver som bør prioriterast i perioden, for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen. Planstrategien kan brukast til å gjere det kommunale planarbeidet meir målretta og tydelegare politisk styrt, og bør ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Lova gir kommunen stort handlingsrom i arbeidet med å utarbeide og vedta den kommunale planstrategien. Nye mål og strategiar for kommunen blir ikkje vedtatt i kommunal planstrategi, men i planprosessar som er styrt og prioritert av denne.

Her finn du saka som følgjer høyringa.
Her finn du plandokumentet. 

Høyringssvar sender du til: 

Kviteseid kommune
Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid 

eller på e-post til post@kviteseid.kommune.no 

Med helsing 

Øystein Tveit
Rådmann