“ På utsida har tolv år gamle Martin eit smil om munnen, men bak husets fire vegger er verkelegheita ei heilt anna. Med ein alkoholisert far og ei mor som prøvar å halde ro i huset, har det blitt Martin sin oppgåve å halde familien samla”.

Per Espen Kilstad har skrive manus til filmen, basert som sin eigen oppvekst. “Hysj” har vunne over 30 prisar over heile verda. Filmen viser usminka og ekte korleis det er å vekse opp i ein heim med rusmisbruk.

Etter filmvisinga blir det ein prat mellom Pål Espen og John Gramstad (SLT-koordinator) om filmen og filmen sin tematikk. Publikum vil få høve til å stille spørsmål og koma med innspel.

Per Espen Kilstad har ein alsidig bakgrunn; standup-komikar, skribent, forfattar, skodespelar og er tidlegare offiser i forsvaret.
Han er opptatt av at publikum skal more seg, og ynskjer å fremme underhaldning fri for mobbin.