Det er viktig for ein kommune å ha opparbeid næringsareal tilgjengeleg. Pr. i dag har ikkje Kviteseid kommune klare næringstomter. E 134 er ei viktig ferdselsåre og derfor har kommunen ynskje om å utvikle området Hellebroi i Brunkeberg til næringsaktivitet. 

Her er det regulert til næringsaktivitet frå tidlegare, det er allereie etablera næringar på området, kommunen har vatn og avløp tilgjengeleg og det er private interessentar som har kjøpt og utviklar næringsareal. 

Kommunen eig ikkje næringsareal sjølv i området. Derfor kjøpte kommunen ca. 13 mål for å utvikle attraktive næringsareal godt synlege frå E 134. Kommunen ser ikkje dette som ein konkurranse til private aktørar men ein supplering. 

Arbeidet med å fylle opp området er i gang etter ein utlyst konkurranse på Doffin. Det viser seg at forarbeidet kunne vore ha betre for ein trenger meir masse enn det som anbodsdokumenta la opp til. Byggenemnda har bestemt at ein klargjer ca. 2/3 av området og at ein ventar med resten av området.

Vegen inn til området blir rusta opp for å tole tungtrafikk framover. Ein hyggeleg bieffekt av tiltaket er at ein naboeigedom får dyrka opp eit titals mål med dyrka mark med masse frå næringstomta. Det betyr at tilgjengeleg maskindrifta jordbruksareal aukar betydeleg i området.

Det er pr. i dag ingen som har spurt om næringstomt på det nye arealet. Det er eit uttrykk som heiter «beredskap for flaks». Det betyr at ein må vera førebudd når sjansen byr seg. Kommunen går nå inn i eit fleirårig omstillingsprosjekt der målet er å skape fleire nye arbeidsplassar. Kommunen har tru på Brunkeberg sin strategiske plassering langs E134 og nærleik til R41, og ynskjer derfor å legge til rette for utvikling i dette området. Tilrettelagte næringstomter er eit av tiltaka for å skape aktivitet. 

Bilde viser byggenemnda som besøker området. 

Byggenemnd på besøk på Hellebroi