Psykososialt kriseteam
Psykososialt kriseteam gjev omsorg og støtte ved ulykker og kriser
Med krise eller krisesituasjon meinast dramatiske og potensielt traumatiserande hendingar som kan svekke eiga fungering i kvardagen.
Kriseteamet er ein del av kommunens akuttberedskap. Ved behov for teamet i samband med ulykker, krise eller katastrofer blir kriseteamet kontakta.
Kva kan kriseteamet bidra med?
Kriseteamet skal sikre og organisere støtte til menneske som har opplevd ulykker og kriser. Teamet gjev psykisk fyrstehjelp, vurderer ditt hjelpebehov, og formidlar kontakt med andre instansar og helsetenester. I den første tida av akuttberedskapen har kriseteamet fokus på omsorg, informasjon, stabilisering, praktisk hjelp og støtte.
Kriseteamet er ikkje eit tiltak som blir utløyst ved ordinære sorg- eller tapsreaksjonar, som for eksempel ved uventa dødsfall med normal årsak. Det blir alltid gjort ei vurdering om dette er ei sak for kriseteamet, eller om det allereie er eit hjelpeapparat som kan ivareta dei berørte. Kriseteamet jobbar kun i akuttfasen og har ikkje mandat som «omsorgsberedskap» over lengre tid. Oppfølgingstiltak blir vurdert fortløpande, og personell med nødvendig kompetanse blir trekt inn i saka.
Sist oppdatert