Søke om barnehageplass og redusert betaling

Kviteseid kommune har samordna opptak til barnehagane med søknadsfrist 1. mars kvart år. Du kan likevel søke om opptak heile året. Vi har kontinuerleg etteropptak ved ledig kapasitet. 

Alle typar søknadar gjer du i foreldreportalen frå Visma som du finn HER.  Lenke til et annet nettsted. Der kan du både søke om og svare på tilbod om barnehageplass. Dersom du søker om redusert plass, ber vi om at du skriv kva for dagar du ynskjer plass i merknadsfeltet. Det er også her du søker om redusert betaling/gratis kjernetid. 

Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av november, har rett på plass. Jf. bhgl § 12a. Barn som fyller eitt år i september, oktober og november, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år.

Det er tre barnehagar i Kviteseid. Kviteseid barnehage og Vrådal barnehage er sjølvstendige einingar med 59 plassar i Kviteseid barnehage og 14 i Vrådal barnehage. Brunkeberg har 42 plassar. Barn under 3 år tar opp 2 plassar.

Målgruppe

Barn 1 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterium/vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Barn med nedsatt funksjonsevne
  • Barn som barnevernstenesta har omsorg for
  • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

Pris 

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Det skal betalast for 11 månader, dvs eit barnehageår. Du finn gjeldande prisar her. 

Her kan du lese om moderasjonsordningar for foreldrebetaling. Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?