Kviteseid skule

Kviteseid skule er ein 10-årig skule som har ca. 230 elevar og ca. 50 tilsette. 1.-4. trinn er samlokalisert med Kviteseid barnehage i eit eige bygg. 5.-10. klasse ligg like ved og flytta januar 2020 inn i nyrenovert, moderne bygg. 

Kviteseid skule har hatt språk som satsingsområde saman med resten av oppvekstsektoren og er ein språkkommune. Skulen har læringsbrett til alle elevar og lærarar og digitale tavler i alle klasserom. Kviteseid skule har vore med i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" i regi av utdanningsdirektoratet og jobbar kontinuerleg for at alle elevar skal trivast og ha eit trygt og godt skulemiljø.

Som alle skular i Noreg jobbar Kviteseid skule med å implementere læreplanen Kunnskapsløftet 20. I det høve er fokus på læring gjennom tverrfagleg samarbeid og å integrere dei tre tverrfaglege tema (livsmeistring og folkehelse, demokrati og medborgarskap og bærekraftig utvikling) i skulekvardagen.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?