Våre tjenester

          

Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark

Frå 01.01.2018 har jordmortenesta i kommunane Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal vore i eit interkomunalt jordmorsamarbeid: Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark. Saman dekkjer me oppfylgjing i svangerskapet, fylgjeteneste ved fødsel og oppfylging i barseltida.

Jordmorvakta i Seljord
Jordmorvakta er eit bindeledd mellom kommunene og Sykehuset Telemark.

Det er alltid ei jordmor på vakt: telefonnummer 35 02 16 24 (heile døgnet).
Du kan ringe jordmorvakta i svangerskapet, ved fødsel og i barseltida. Dette kan for eksempel gjelde blødning i svangerskapet, lite liv, vassavgong, rier, brystbetennelse eller andre spørsmål som ikkje kan vente.
Adresse: Jakob Naadlandsveg 28 i Seljord. Ring alltid før du kjem i tilfelle jordmor er ute på oppdrag. Skulle du av ei eller anna årsak ikkje få kontakt med jordmorvakta, kan du ringe sentralbordet ved Sykehuset Telemark (35003500) eller direkte til fødeavdelinga (35004764). Jordmor i Tokke, Lise Skolås, er også ein av vaktjordmødrene på jordmorvakta.

Oppfylging hjå jordmor på helsestasjon
For oppfylging i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnummera er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.

Kommune 

Namn

Telefonnummer

Besøksadresse

 Vinje

Helene Mølster Byggland

40 90 77 94

Vinje helsestasjon
Vinjevegen 192

 Seljord

Mirjam Thorkildsen Schade

90 59 81 06

Seljord Helsestasjon
Ingrid Slettensveg 16

 Kviteseid

Merete Kaste

90 59 46 51

Kviteseid helsestasjon
Granlivegen 1A

 Fyresdal

Trude Tennefoss Fostervold

90 41 71 57

Fyresdal helsestasjon
Landstadvegen 35

 Jordmorvakta i Seljord

Sissel Aardalen Brekke

99 40 18 60

 

Oppfylging i svangerskapet er eit tilbod til alle gravide. Jordmor har kompetanse til å ta seg av friske gravide, og henviser til spesialisthelsetenesta ved behov. Partnar er velkomen til å vere med på ein eller fleire konsultasjonar. Me har teieplikt. Tilbodet er gratis. Me bestillar tolk om du har behov for det. Det er ditt valg om du ynskjer å gå til oppfylging hjå jordmor, fastlege eller ein kombinasjon.

På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:

  • Fylle ut helsekort for gravide
  • Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
  • Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
  • Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt
  • Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
  • Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
  • Tilby erklæring av farskap

Innhaldet i svangerskapskonsultasjonane handlar óg mykje om kva den einskilde har behov for, og me tilpassar tilbodet etter dette så langt det er mogleg.

Etter fødsel tilbyr jordmor tidleg heimebesøk, helst innan tre dagar etter at de har kome heim frå sjukehuset, samt vidare oppfylging ved behov. Fleire av jordmødrene tilbyr også prevensjon og etterkontroll.   

Helsestasjon for barn 0-5 år

Helsestasjonen held til ved Helsesenteret i 2.etg. Me ynskjer at helsestasjon skal være ein god plass å koma for alle som har barn. Her møter du helsesjukepleierar som fylgjer barn frå fødsel og fram til skulealder.
 

Dette er helsesjukepleiar sine oppgåver: 

  • Heimebesøk av både jordmor og helsesjukepleier
  • Helseundersøkingar og vaksinasjon etter barnevaksinasjonsprogrammet
  • Sped- og småbarnskonsultasjoner med lege, fysioterapeut og helsesjukepleiar
  • Barseltreff
  • Foreldrerettleiing, og kurs i Tryggheitsirkelen (cos-p)
  • Samarbeid med andre instansar som til dømes barnehagane, barneverntenesta, spesialisthelsetenesta og fleire 
  • Oppfølging av barn og familier i vanskelige livssituasjoner

 

Skulehelsetenesten for 1. – 10. klasse og Kvitsund gymnas

  • Skulehelsetenesten sitt mål er å fremme elevenes fysiske, psykiske og sosiale helse, samt forebygge sjukdom og skader. 
  • Elevar, foreldre, og andre kan ta direkte kontakt. Skulen kan også vidareformidle behov.
  • Skulehelsetenesten samarbeider tverrfaglig med fleire instanser, både i kommunen og spesialisthelsetjenesten

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Gratis tilbod til deg mellom 13 – 20 år
Her kan du snakke med helsesjukepleiar/lege.
Ingen timeavtale. Me har taushetsplikt. 

Opningstid: 
Tysdager i skuleåret kl 15:00 – 16:30.

Adresse: 
Granlivegen 1A i Kviteseid,
2. etg på helsesenteret.

Kontakt helsesjukepleier på tlf. 90 68 61 59 
Lege tilgjengelig i partallsveker 15:00 – 15:30
Ordinær legetime må tas hos fastlege 

Vel møtt!

Reisevaksine

Kviteseid helsestasjon tilbyr råd og veiledning, samt vaksinering av reisevaksiner. 
Huks å bestille time i god tid før avreise 

Se informasjon om reisevaksiner på Folkehelseinstituttets nettsider.
På Mine vaksiner kan du se vaksinasjonsstatus for deg selv og dine barn under 16 år.

Priser
Konsultasjonsgebyr: kr. 300,-
Vaksinering: pris etter type vaksine

 

 

Hørselstest

Kviteseid helsestasjon utfører hørselstest til innbyggarane frå 4 års alder.

Pris 
Kr 100,-