Det er krav om følgjande ved å slå saman eigedomar:

  • Eigedomen må ha same eigar
  • Eigedomen må ligge i same kommune
  • Heftelser på eigedomane må vere like. Dersom det ligg heftelser på ein eigedom som ikkje er på den andre, må dette ordnast opp i før du kan slå saman to eller fleire eigedomar

Søknad

Fyll ut skjemaet Krav om samanføying av tinglyste matrikkeleiningar.
Legg ved kart som viser dei eigedomane som skal samanslåast. Kart finn du via kartportalen.

Det kostar ingenting å slå saman eigedomar. Ynskjer du matrikkelbrev tilsendt når samanslåinga er kostar det frå 175 til 350 kroner pr stykk.