Produksjonstilskott omfattar tilskottsordningane:

  • Tilskott for husdyr
  • Driftstilskott til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskott til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskott for verneverdige husdyrrasar
  • Tilskott for dyr på beite
  • Areal- og kulturlandskapstilskott
  • Tilskott til økologisk landbruk (sjå eiga omtale for denne ordninga)

Desse pristilskottsordningane blir handterte på same måte som produksjonstilkott, og du søkjer i same søknad:

  • Distriktstilskott for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland
  • Distriktstilskott for matpotet dyrka i Nord-Noreg

Denne velferdsordninga blir handtert på same måte som produksjonstilskott, og du søkjer i same søknad:

  • Tilskott til avløysing ved ferie og fritid (sjå eiga omtale for denne ordninga)

Målgruppe:
Landbruksføretak

Vilkår:
Landbruksføretaket driv vanleg jordbruksproduksjon.

Føretak som berre søkjer tilskott til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.

Lovar og retningsliner:

Søknadsprosessen:
Du finn rettleiing og søknadsskjema på landbruksdirektoratet sine sider.

Søknadsfristar:
Søknad om produksjonstilskot i jordbruket har to søknadsfristar i året.


Tilskot til husdyr: Verksemd skal søkje både ved del 1 og del 2 av søknaden. Søknadsfristen for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars. Søknadsfristen ved del 2 av søknaden er 15. oktober med teljedato 1. oktober.
 
Tilskot til arealproduksjon: Verksemd kan søkje frå 1. oktober, med søknadsfrist 15. oktober.
 
Dyr på beite: Du kan søkje frå og med 1. oktober, og fram til søknadsfristen 15. oktober.
 
Produksjon av frukt, bær, grønt og potet har søknadsfrist 15. oktober dersom produksjonen blir seld innan 15. oktober. For produkt som blir selde seinare enn 15. oktober er kan du etterregistrere varene innan 10. januar året etter.

Høve til å klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.