Tenestekontoret tildeler

- lovpålagde helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, pasient- og brukerrettighetsloven og forskriftene knytt til lovene
- ikkje lovpålagde tenester etter forvaltningsloven
- følgjekort etter nasjonale retningsliner for følgjekort
- TT-kort (tilrettelagd transport) etter retningslinene frå Vestfold og Telemark fylkeskommune


Tenestekontoret innhentar informasjon og kartlegg trongen for tenester i samråd med brukaren/pasienten eller deira representant. For å sikre god individuell handsaming og rettstryggleik treng tenestekontoret fullmakt til å innhente naudsynte opplysingar, sjå punktet om informert samtykke og fullmakt på søknadsskjemaet.

Tenestekontoret skal sørgje for at:

-søkjarane får god og tilstrekkeleg rettleiing og informasjon om tenestene, rettar og plikter
-dei ulike tenestene til brukarane og pasientane vert samordna og at tenestene er forsvarlege

Søknadsskjema

Tenestekontoret handsamar alle søknadar om tenester på feltet helse og omsorg.

Her finn du søknadsskjema:

SØKNADSSKJEMA OM HELSE- OG OMSORGSTENESTER  PDF document ODT document

REGLEMENT FOR SØKNAD OM TT-KORT
SØKNADSSKJEMA TT-KORT