Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Tilskot kan gå til:

  • Prosjektplanlegging
  • Tltak som varetek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • Tiltak som hjelper til å hindre eller redusere forureining

Målgruppe:
Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.

Føretak som har rett til lå motta areal- og kulturlandskapstilskott.

Vilkår:
Landbrukseigedomen må ha ein produksjon som er godkjent for tilskot.

  • Vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot (§§ 2, 3 eller 4) må vere oppfylt
  • Vilkåra i forskrift om gjødselsplanlegging må vere oppfylt
  • Det skal førast journal over plantevernmiddel som blir brukt
  • Det må leggjast fram eit kart over dei disponible areala for jordbruk, men også areal med kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald eller miljøvern

Tilskott kan berre gjevast til tiltak på landbrukseigedomar.

Partnarar
Kommunen disponerer ei årleg tilskottsramme frå Fylkesmannen.

Lovar og retningsliner:
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå jordlova §§ 3 og 18. Sjå også forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Søknadsprosessen:
Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.
Her er ein liten film som viser korleis du fyller inn det elektroniske skjemaet: Instruksjonsfilm for søkjar.
Alle brev som gjeld søknaden vil bli send til innboksen din i Altinn.

Både i Kviteseid og Nissedal er tiltak mot forureining,  restaurering av freda og verneverdige bygningar og rydding av gamal kulturmark prioriterte område i denne ordninga.

Søknadsfrist:
SMIL-ordninga har inga søknadsfrist.

Høve til å klage:
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Fylkesmannen.