Erstatningsordninga skal sikre at landbruksføretak ikkje lir tap fordi dei får pålegg frå det offentlege som eit ledd i å oppnå trygg mat og miljøvennleg produksjon.
Du kan få erstatning for:

  • Produksjonstap av plantar og husdyr
  • Saneringstiltak
  • Tap i ein pålagt opphaldsperiode
  • Produksjonstap ved flytterestriksjonar på bier
  • Nedfôringskostnader osb. på grunn av radioaktivitet

Målgruppe:
Verksemder innan landbruket

Vilkår:

  • Verksemda skal ikkje ha valda tapet forsettleg eller grovt aktløyst
  • Verksemda har oppfylt varslingsplikta
  • Verksemda har gjennomført pålagte tiltak
  • Tapet ikkje kan dekkjast gjennom ei allmenn forsikringsordning eller på annan måte

Lovar og retningsliner:
Forvaltningsloven
Matloven
Forskrift om erstatning etter offentlige pålegg

Søknadsprosessen:
Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet.

Skjema:
Skjema LDIR-278 og SLF-279 ( sjekk desse)

Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

Vedlegg:

  • Kopi av offentleg pålegg eller restriksjon
  • Stadfesting på at heile eller delar av pålegget eller restriksjonen er gjennomført
  • Dokumentasjon over tap
  • Annan nødvendig dokumentasjon

Søknadsfrist:
Seks månader etter at pålagte eller frivillige tiltak er gjennomførte.

Søknadmottakar:
Fylkesmannen

Høve til å klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.