Skulehelsetilbodet i grunnskulane i Kviteseid

Skulehelsetenesta skal vera eit tilbod som det er enkelt å koma til, kor elevane blir tekne på alvor med sine små og store helseproblem og utfordringar. Me ønskjer å styrke dei faktorane i livet som bidreg til betre helse. 

Desse jobbar i skulehelsetenesta:

Psykisk helse barn og unge - sjukepleiar Ingunn Draugedal Birkeland og sosionom Kristin Brekke Moore 

Helsesjukepleiar Tone Martinesen Heggtveit 

Skulehelsetenesta sine oppgåver:ak - fokus på elevane sitt arbeidsmiljø

Helsesjukepleiar har fast kontortid ved Kviteseid skule kvar torsdag frå kl. 11:00 - 14:30

Det er ikkje fast kontortid på grendeskulane, men planlagte besøk. 

Dame i gul blomstereng

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Ved helsestasjon for ungdom (HFU) er det fint om du tek kontakt i forkant og bestiller time. Me vil helst sleppe drop-in akkurat no under pandemien. Dette for å hindre at det blir fleire som ventar og oppheld seg på same stad over tid, då vi for tida ikkje har noko venterom ved helsestasjonen. 

Me ønskjer å førebygge smitte i samanheng med Coronaviruset.
Opplever du:
 Symptom på forkjølelse
 Luftvegsinfeksjon
 Er i karantene
 Har vore på reise dei siste 14 dagane i områder med vedvarande smittespreiing
SKAL DU IKKJE GÅ KOMA PÅ HELSESTASJON FOR UNGDOM. 
 

Eit tilbod til barn og unge frå 13 - 20 år.
Kvar tysdag i skuleåret frå kl. 14:00-16:30
HFU held til i lokala  til helsestasjonen, 2. etasje på Helsesenteret.

Du/de vil treffe helsesjukepleiar Vivian. Lege er tilgjengeleg i partalsveker frå kl. 14:00-15:30. 

Snapchat: helsesysterkvs.

Ta kontakt dersom:

- Du treng ein vaksen å snakke med

- Har spørsmål kring seksualitet og prevensjon

- Har vanskar med mat og tankar om eigen kropp

- Er einsam, lei deg eller opplever sorg

- Har problemer med rusmidler, sjølv eller i nære relasjonar

Dette er eit lågterskel tilbod, så du treng ikkje bestille time.