Eigedommar som er fritekne for konsesjon:
  • Hovudregelen er at du kan ta over ein bygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og ikkje har meir enn 35 dekar dyrka jord utan å søkje om konsesjon. For ubygd eigedom er grensa 2 dekar
  • Ei tomt som er lagd ut til bustad, hytte eller naust er også som regel friteken frå konsesjonsplikt. Dei fleste typar leilegheiter er også konsesjonsfrie.
  • Ubebygd areal som ikkje skal brukast til landbruk
  • Overtaking av eigedom frå nær familie
  • Når du som tek over eigedommen har odelsrett
Som regel må du sende inn eit skjema om eigenfråsegn om konsesjonsfridom. For landbrukeseigedomar skal du nytte det grøne skjemaet LDIR-360. For andre eigedomar nyttas det raude skjemaet LDIR-356 for kommunar med nedsett konsesjonsgrense.
 
Søkje om konsesjon:
Dersom eigedommen ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon på skjema LDIR-359.
 
Vilkår:
  • Konsesjon på landbrukseigedomar blir vurdert i samsvar med konsesjonslova §9 og §9a
  • Konsesjon på bustadeigedomar blir vurdert i samsvar med konsesjonslova §10

Pris:
Du må betale eit gebyr for handsaminga av søknader om konsesjon.

Lovar og retningsliner:

Søknadsprosessen:
Du må bruke skjema frå Landbruksdirektoratet når du skal søkje om konsesjon. Skjemaet sender du til den kommunen som eigedommen ligg i.

Skjema:
Skjema LDIR 360, LDIR 356, LDIR 359

Vedlegg:
Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.

Søknadsfrist:
Fire veker etter at avtalen blei gjort eller du fekk råderett over eigedommen.

Behandling:
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan vere nødvendig med synfaring og oppmåling av eigedommen. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets går ut.

Behandlingstid:
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Høve til å klage:
Både du og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.