Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift.
Skogfondsmidlar kan brukast til:

  • All form for skogkultur
  • Underskott ved tynningsdrift
  • Etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • Nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • Vegvedlikehald av skogsbilvegar
  • Meirverdiavgift
  • Skogbruksplan
  • Skogforsikring
  • Grensearbeid i utmark
  • Kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • Miljøtiltak
  • Bioenergitiltak

Vilkår:
For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Brosjyrer:
Skogfond - spørsmål og svar

Lovar og retningsliner:

Søknadsprosessen:
Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet - sjå lenkja under.

Skjema:
Landbruksdirektoratet har gjort dei elektroniske tenestene tilgjengelege via Altinn. For at du skal kunne bruke Altinn, må skogeigendommen vere registrert på ein personleg eigar med eit fødselsnummer. Sjå skjema LDIR-909 og LDIR-910 på Landbruksdirektoratet sine sider.

Altinn - Skogfondsystemet
Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

Vedlegg:
Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt.

Søknadsfrist:
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa.

Høve til å klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.