Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.

Brosjyrer:
Informasjon Feiing og tilsyn 2021
Kontaktinformasjon Vest- Telemark brannvesen
Kontaktinformasjon fararane


Lovar og retningsliner:
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå òg brann- og eksplosjonsvernlova § 11 Brannvesenets oppgaver og forskrift om brannforebygging § 6 og § 17.

Brann- og eksplosjonsvernloven
Forskrift om brannforebygging
Veiledning til forskrift om brannforebygging


Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!

Førebyggjande brannvern, herunder feiing og branntilsyn ligg til nå til Vest-Telemark brannvesen for alle kommunane i Vest-Telemark. Beredskapen ligg som tidlegare i kvar kommune. Brannmannskapa er deltidstilsette med arbeidsavtaler med kommunane.

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.