Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Demensteam

Frå januar 2024 er det oppretta eit demensteam i kommunen igjen. Det er to personar i teamet beståande av demenskontakt og ergoterapeut. Vi ynskjer å fylgje opp deg som har ei demensdiagnose og som fortsatt bur heime eller i omsorgsbustad. Hovudoppfylginga vil bestå i 2 heimebesøk i året. Då kjem demenskontakt heim til deg og då er det fint om den næraste pårørande og er med i samtala. Demensteam reiser og heim og utfører basal demensutredning etter førespurnad frå fastlegen.

Om du eller pårørande ikkje har fått brev med informasjon om tenesta og ynskjer oppfølging, ta gjerne kontakt med demenskontakt. Vi har ikkje oversikt over alle som har ei demensdiagnose i Kviteseid kommune, då ein del ikkje er i vårt journalsystem frå før og evt. har fastlege andre stader enn i Kviteseid.

Vi ynskjer at du og din pårørande skal få så god oppfylging som mogleg og at vi saman finn løysingar som passar for deg.

Velkomen til å ta kontakt.

To eldre damer som ler og kosar seg

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Kontakt

Demenskontakt: Elise Raunehaug Foldøy
Mobil: 90 41 69 46
Send e-post

Ergoterapeut: Ann Katrine Totland Kristiansen
Tlf: 35 06 82 07
Mobil: 94 86 96 77
Send e-post

Besøksadresse: 
Lundenvegen 30
3850 Kviteseid

 

Sist oppdatert 13. mars 2024