Verksemda er pålagd og regulert gjennom Lov om folkebibliotek. Alle, dvs. born, ungdom, vaksne og institusjonar kan nytte biblioteket sine tenester.

For å låne treng du lånekort. Det får du på biblioteket. Born under skulealder låner på føresette sitt kort. Som lånar må du følgje lånereglane ved biblioteket. Dei fleste tenestane er gratis.

Opningstider, kontaktinformasjon, lesetips og nytt frå biblioteket finn du på felles webportal for Vest-Telemakbiblioteka. Der kan du også fornye låna dine ved å logge inn med lånenummer og PIN-kode. 

Biblioteket har eigen Facebookside. Her blir det lagt ut arrangement og opningstider i samband med m.a. ferielukking.

Her kan du skrive om barnelitteratur.