Tilskott til gjødsling er eit produksjons- og kvalitetsfremjande tiltak. Ein kan få inntil 40 % tilskott til gjødsling.

Det kan bli gjødsla på eigna areal på vegetasjonstypane blokkebærskog, bærlyngskog, blåbærskog, småbregneskog, storbregneskog og på torvmark med etablert forynging.

Gjødsling blir utført i produksjonsskog med mindre enn 20 % lauv på furudominerte areal med bonitet F8 til F17 og grandomin­erte areal på bonitet G8 til G20. Massen bør ha optimal tettheit og ikkje vere fleirsjiktet. Lavartar bør utgjere under halvparten av marksjiktet.

Sjå òg brosjyre om gjødsling her.

Målgruppe:
Skogeigarar

Lovar og retningsliner:

Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket.

Søknadsprosessen:
Søknad om tilskott sendast til kommunen så snart som råd etter at tiltaket er avslutta.

Det må liggje føre rekning/faktura som dokumenterer utført gjødsling. Areal, bonitet, gjødselmengd og vegetasjonstype pr. felt må oppgjevast, saman med kartutsnitt som viser kor det aktuelle feltet ligg.

Det er utarbeidd miljøkriterium for gjødslinga.

Meir informasjon om søknad til tilskottet her.
 
Søknadsfrist:
Frist for å levere søknad til kommunen er 15. september.

Høve til å klage:
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.