Retningsliner Kulturprisen

Kulturprisen for Kviteseid kommune er på kr. 10.000,-. Med prisen følgjer eit minnediplom. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har tilhald i kommunen, eller er knytt til kommunen på annan måte, og som har gjort/gjer ein innsats ut over det vanlege innafor det utvida kulturområdet. Prisen kan delast ut 3. kvart år. Dersom to kandidatar vert funne likeverdige, kan prisen delast mellom desse. Framlegga skal vera skriftlege og grunngjevne. Kulturstyret kan på eige initiativ kome med framlegg til prisvinnarar.

Fristen for å sende framlegg til kandidatar vert kunngjort i god tid før kvar prisutdeling. Dette vert kunngjort i pressa og på nett.

Det er kulturstyret som avgjer kven som er vinnar av kulturprisen.

Retningsliner Ungdommens idretts- og kulturpris

Kviteseid kommune har etablert to stipend a 5000,- kr. som kan delast ut til personar, lag eller grupper for ein prestasjon/prestasjonar som har nådd stor regional merksemd eller alminneleg nasjonal merksemd.

Stipendet skal vera utrykk for anerkjenning, og vera eit verkemiddel til fortsatt utvikling og innsats innanfor den aktiviteten stipendet er tildelt.

Stipendet kan tildelast unge menneske i alderen 15 – 30 år som er folkeregisterført i Kviteseid kommune. Prisen kan også tildelast personar som har hatt barndom og oppvekst i Kviteseid kommune, og som har vidareutvikla ein aktivitet som starta i Kviteseid, og som ein må ut av kommunen for å utvikle på eit høgare nivå.

Forslaget til kandidatar må innehalde opplysningar om kandidaten og grunngjeving med informasjon om prestasjonen og nivået den representerer.