Kommunale næringsfond

Fritt næringsfond er inntekter frå sal av konsesjonskraft. Her nytter Kviteseid kommune framlegg til fellesvedtekter frå Vinje kommune. Dette blei vedteke i formannskapssak 61/16 og kommunestyresak 36/16. Framlegget er tufta på "Avtale om disponering av konsesjonskraft" mellom Telemark fylkeskommune og kommunane Fyresdal, Nissedal, Seljord, Tokke, Vinje, Kviteseid, Tinn og Hjartdal. 

Avtale om disponering av konsesjonskraft.pdf

For bunde næringsfond, konsesjonsavgiftfondet, har kommunestyre vedteke å nytte standardvedtektene frå Kommunal-og regionaldepartementet (Nå Kommunal og moderniseringsdepartementet) iflg. Rundskriv H-1/11 og "Utfyllande reningsliner til vedtekter for bruk av det bunde næringsfondet i Kviteseid kommune". Vedteke i formannskapssak 62/17 og kommunestyresak 36/17.

Rundskriv H-1/11

Utfyllande retningsliner til vedtekter for bruk av det bunde næringsfondet i Kviteseid kommune.docx PDF document ODT document