woman visiting grandmother in nursing home

Dagsenter for heimebuande personar med demens

Midtsundtoppen Dagsenter er eit dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt eller demens i tidleg fase. Tilbodet er ope måndag, tysdag, onsdag, fredag. På torsdag reiser dei tilsette ut på heimebesøk.
Dagsenteret, i samarbeid med friviljuge, legg til rette for gode opplevingar i fellesskap med andre og tilbyr ulike aktivitetar etter behov og interesser. Me tilbyr henting til og frå heimen, måltid i eit triveleg miljø og avlasting for pårørande.

Kommunen tek ein liten eigenandel. Prisen inkluderar transport, frukost og lunsj.

Dagleg leiar: Therese Mortensen

Dagsenter tlf.: 40 91 67 15

Opningstid: 08:00-15:30

Her kan du søke om denne tenesten. 

Portrait of little girl smiling on background of the blue sky

Dagsenter for menneske med utviklingshemming

Krodokk er eit dagsenter for menneske med utviklingshemming. Her er det tilbod om aktivitetar iform av handarbeid, matlaging og fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet består av trim i gruppe, svømming og turar i nærområdet.

Avdelingsleiar: Kari Sundet

Tlf.: 35 06 81 81

Send e-post  

Her kan du søke om denne tenesten.