Folkehelsearbeid er samfunnets totale innsats for å oppretthalde, betre og fremje befolkninga si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrkje faktorar som bidreg til betre helse. Hensynet til befolkninga si helse skal ivaretakast i kommunen og fylkeskommunen si planlegging. Dette følgjer både av folkehelselova og plan og bygningslova § 3-1. 

Folkehelsekoordinator og folkehelsearbeid

I Kviteseid er folkehelsekoordinator lagt under helsestasjonen, og det helsesjukepleiar Tone Martinsen Heggtveit som er ansvarleg.

Oppgåvene som folkehelsekoordinator

  • Drive systematisk og langsiktig samfunnsplanlegging for å betre folkehelsa
  • Finne områder i kommunen kor det trengs målretta helsefremmande innsats
  • Koordinere forebyggande innsats i kommunane
  • Bidra til samarbeid mellom sektorar og tenester
  • Styrke innsatsen for tidleg intervensjon
  • Halde eit konstant fokus på behovet for forebygging og synliggjøre dette behovet
  • Ta ansvar for folkehelsearbeidet gjennom å ansvarliggjere andre

Folkehelseprofilar

Kvart år utarbeider folkehelseinstituttet folkehelseprofilar for kommunane i landet. Kviteseid kommune bruker folkehelseprofilane som ein av fleire kjelder for å kartlegge helsetilstanden i kommunen og for å sjå kva slags innsatsområder som skal prioriterast. Målet med folkehelsearbeid er fleire leveår med god helse i befolkningen og å redusere sosiale helseforskjellar.