Om uhellet er ute, og du har køyrd på eit dyr, er dette viktig:

  • Set på naudblink, tak på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
  • Skaff deg oversikt over eventuelle personskadar, og ring 113 om hjelp er naudsynt.
  • Sjekk om dyret ligg i umiddelbar nærleik til skadestaden.
  • Ring politiet på 02800 for å melde frå om hendinga. Politiet tek kontakt med jegerkorpset, som har kyndige folk for ettersøk og eventuell avliving.
  • Marker skadestaden med ein plastpose el.l. slik at ettersøkspersonell kan finne staden dyret vart påkøyrd.

Er det andre meldingar eller spørsmål knytt til påkøyrd vilt, tak kontakt med Audun Aasmundtveit.

Lenke til miljødirektoratet