Målgruppe
Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen

Vilkår
Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.

Ein skal da vurdere:

  • om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
  • om det er ei driftsmessig god løysing
  • om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området


Ein kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova.
Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.

Lovar og retningsliner
Sjå spesielt jordlova § 9 Bruk av dyrka og dyrkbar jord og § 12 Deling.

Søknadsprosessen:
Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.

Dersom det skal opprettast ein ny eigedom må du søke om deling i samsvar med plan- og bygningslova. Send søknaden til Nissedal kommune, interkommunalt plankontor.

Høve til å klage
Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.