Kviteseid skule har dei siste åra hatt språk som satsingsområde saman med båe oppvekstsentra og Kviteseid barnehage. Som ei vidareføring av dette, er skulen i gang med ei digital satsing og innfører læringsbrett til elevar og lærarar skuleåret 2019-2020. Alle klasserom vil også få digitale tavler. Kviteseid skule jobbar for at alle elevar skal trivast og ha eit trygt og godt skulemiljø. 

Jente i leikeapparat 3

Skulefritidsordning (SFO) og leksehjelp

SFO på Kviteseid skule held til i nyoppussa lokale i same bygning som 1.-4. trinn. SFO skal vera ein stad for leik og læring, og SFO legg til rette både for frileik og organiserte aktivitetar. SFO serverer eit måltid kvar dag. SFO er open kl. 07:30 - 08:00 og kl. 13:50 - 16:45. 

Det er SFO som organiserer leksehjelp. Leksehjelp er eit tilbod til elevar på 3.-6. trinn. Leksehjelp foregår på måndag og torsdag og er eit gratistilbod. 

Kontakt

SFO-leiar: Hege Lia 
Send e-post

Du finn søknadsskjema til SFO nedst på denne sida under "Skjema".