Fastlegane i Kviteseid held til i 1. etasje på Helsesenteret.

Fastlege: Oscar Hendriks
Fastlege (vikar): Helene Guldbrandsen
Fastlege (vikar): Joakim Moen
Fastlege (vikar): Hilde Hamar Westvik

Kontorpersonale:
Helsesekretær: Britt Anlaug Grimstvedt
Sjukepleiar: Ingvild Haukås
Sjukepleiar: Tone Astrid Haugetuft
Sjukepleiar: Anne Kristine Dyrland

Einingsleiar helse: Vakant

Om fastlegeordninga

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen

Fastlegen skal òg hjelpe deg med å velje behandlingssted, dersom du skal få behandling på sjukehus.

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.

Målgruppe
Alle som bur i Noreg. Personar med D-nummer som ikkje er asylsøkjere, har ikkje rett til fastlege.