Kommunens areal er på 708 km2  der ca. 80 km2 er vatn og vassdrag. Høgste fjellet er Sveinsheii 1141 moh og lågaste punkt er Kviteseidfjorden/Sundkilen 72 moh. Innbyggjartal 01.01.2019 var 2403 innbyggjarar.

I Kviteseid kommune er det to oppvekstsenter (1.-4.klasse og barnehage) i Brunkeberg og Vrådal og ein barnehage og ein skule (1.-10.klasse) i sentrum av Kviteseid. Her er det òg idrettshall og kunstgrasbane.

Kommunen legg til rette for bustadbygging og næringsutvikling. Kommunen og private kan tilby mange flotte attraktive tomter fleire stadar i kommunen. Her kan du sjekke kvar du finn tomtene.

Kommunen har ein varierande arbeidsmarknad frå bl.a. mindre trevarefabrikkar til større verkstader/anleggsfirma, hoteller og vidaregåande skule. Vest-Telemark næringspark har ca. 50 kompetansearbeidsplassar og er klar for byggetrinn to. Nytt næringsareal i Brunkeberg like ved E134 vil gje nye mogelegheiter for nyetableringar.

Telemarkskanalen går gjennom Kviteseid og var viktig transportåre for folk, tømmer, brynestein og andre varer. Frå 1892 vart Telemarkskanalen regulert med sluser og ein kan nå seile med båt frå Kviteseid til havet og saltvatn. I dag er Telemarkskanelen viktig for reiseliv, kraftproduksjon og flaumsikring.

Reiselivet er viktig for Kviteseid. Kviteseidbyen er ein flott sommardestinasjon med brygge, park, båtplassar og anløp av kanaldronninga Victoria seks dagar i veka. Det er fleire serveringsstadar og butikkar i den fine vesle Kviteseidbyen. Ca. fem km frå Kviteseidbyen finn ein Kviteseid bygdetun. Her der det samla fleire gamle bygningar frå Kviteseid, ein finn Kviteseid gml. kyrkje som er ei steinkyrkje frå 1150 og ei utstilling av kunstnaren Gunnar Utsond.

Vrådal er ein heilårsreiselivsdestinasjon som er spesielt kjent for sin flotte natur og turterreng. I tillegg til mange merka turstiar og skiløyper har Vrådal eit flott øylandskap der vatna Nisser og Vråvatn gje store mogelegheiter til fisking, bading, padling og båtbruk. Den gamle skuta Fram seilar charter og ein kan oppleve å bli slusa i Nord Europas høgstliggande slusesystem. På Fossøy kan ein spele golf på ein ni-hols bane. Vrådal har skisenter med ein åtte setars heis og gode forhold for off- piste. I Vrådal finn ein Straand hotell, leilegheiter, campingplassar og mange hytter som kan tilby overnatting i mange prisklasser.

Morgedal er kjent som den moderne skisportens vogge. Sondre Norheim vart født i Morgedal i 1825 og han utvikla hælbinding og innsvingte ski som endra bruken av ski. I ettertid blir Sondre Norheim kalla den moderne skisportens far. Eit besøk på Norsk Skieventyr vil fortelje deg meir om historia til Sondre og om lokal/nasjonal/internasjonal skihistorie.  Overnatting er mogeleg på Morgedal hotell, Morgedal gjestehus eller på Morgedal camping. Morgedal har gode turmogelegheiter både sommar og vinter og mange vel å gå til Øverbø, staden der Sondre vart født. I Morgedal finn ein òg verdas største vogge og verdas lengste ski.

Kommunale vigslar

Oppgåva med borgarleg (livssynsnøytral) vigsel er overført til kommunane.

Vigselen er gratis når ein av innbyggjarane er busett i Kviteseid. Det kan takast betaling for å dekkje ekstra kostnadar om brurefolket ynskjer ein spesiell stad for vigselen som vil gje meirkostnadar for kommunen.

Kviteseid kommune er positive til å tilby vigslar for utanbygds brurefolk og vil tilby vigslar til andre kommunars innbyggjarar om det kjem spørsmål om det og til same vilkår som eigne innbyggjarar. 

Eventuell betaling skal vere avklart med brurefolket på førehand.

Ordførar og varaordførar er gjeve vigselrett direkte i lova (ekteskapslova §12). I tillegg har kommunestyret i Kviteseid gjeve rådmannen vigselrett.

Kommunen har eit høveleg lokale, men kan også godkjenne at vigsel vert gjennomført andre stader – til dømes utandørs, på eit hotell i kommunen, i kulturhuset, i brurefolket sin heim eller annan stad brurefolket måtte ha ynskje om.

Ta kontakt med ordførar om de ynskjer meir info.