Kviteseid ungdomsråd skal gje ungdom i kommunen større påverknad. Rådet skal arbeide for at Kviteseid kommune er en god stad å vekse opp og for at ungdomane si stemme blir høyrd i politiske saker. Ungdomsrådet skal vera ein aktiv medspelar til dei kommunale organ for å utvikle Kviteseid til ein god stad å bu, med eit miljø som fremjer identitet, toleranse, livskvalitet og tilhøyre. Involvering i den demokratiske prosessen gjev ungdommen reel moglegheit til å vera med å bestemme og bidreg til å auke ungdommen sitt samfunnsengasjement.

Ungdomsrådet skal:

- hjelpe unge å bli høyrd der avgjerer blir tatt.
- vere høyringsorgan i saker som vedkjem ungdom.
- Sjå til at dei kommunale organ jobbar etter ungdommen sine prioriteringar i saker som har med ungdom og deira miljø å gjera.
- fremje ungdommen sine interesser.
- synleggjera kva ungdomsrådet kan oppnå.

Medlemmer i ungdomsrådet 2020 - 2021

Medlem  Varamedlem  Trinn 
Kjersti S. Olsen  Natalie Skipar  8. trinn 
Kent Ronny Sigurdslid  Andreas Kåsene  8. trinn 
Åshild H. Eikland - Nestleiar Nora Bruhaug  9. trinn 
Tor Åsmund Nordskog - Leiar  Jon Halvor Moen Hovden  9. trinn 
Thea Grindholm  Sigrid Marie Aarbakk  10. trinn 
Didrik Fosse  Johannes Myklebust  10. trinn