Jolehelsing 2021

Kjære innbyggjarar!

Me er i innspurten på adventstida og joli stend for tur, enda eit «korona» år er snart over. Me hadde alle eit ynskje om at denne joli skulle vere meir normal. I haust opna samfunnet opp og me kunne treffast at, diverre ser vi no at viruset stenger samfunnet at. Eg veit det er mange små og store bedrifter som kjem i ein vanskeleg situasjon no. Men med vonar at støtteordningane frå staten kjem på plass fort.

Eg veit og at det krev mykje av alle, og då vil eg gjenta det eg skreiv til jol i fjor. Ein stor TAKK til alle som gjer ein kjempe innsats som tilsette i Kviteseid kommune. Eg er og imponert over Kviteseid kommune sine innbyggjarar som held saman og gjer ein stor innsats for å halde smitta nede.

Torsdag 9.desember gjorde kommunestyret sitt budsjettvedtak for budsjett 2022 og  økonomiplan 2023 – 2025. Dette var eit samrøystes vedtak, det betyr at heile kommunestyret stemte for budsjettet. For meg som ordførar, er det eit sterkt signal frå kommunestyret om at me står saman om eit budsjett som er stramt.

Dette kommunestyremøte  var og rådmann Øystein Tveit sitt siste møte, han startar som assisterande kommunedirektør i Midt-Telemark. Kommunestyret i Kviteseid ynskjer Øystein lukke til med ny jobb og nye utfordringar  i Midt-Telemark.

Erling Laland startar som mellombels kommunedirektør i Kviteseid fyrste veka i januar, han kjem frå stillinga som oppvekstleiar i Træna kommune.

Vaksinering med 3.dose er i fullgang ,og det vert arbeida godt for at dei som skal ha dose 3 får tilbod om det. Kviteseidhallen vert nytta og det vert sett mange dosar dei dagane vaksinering pågjeng.

Innan utgangen av 2022 vonar eg at arbeide med gang og sykkelveg til Kviteseid sentrum frå Kvitsund og  Kviteseidkryss kan settast i gang. Dette gjer at arbeidet med nye tomter i Stålandsåsen kan startast opp att, med eit ynskje om tilgjengelege tomter i løpet av 2023.

Ta vare på kvarandre!

Ynskjer alle ei fredfull jole- og nyttårsfeiring.

Bjørn Nordskog
Ordførar

Jolehelsing 2020

Kjære innbyggjarar!

No har det gjenge eit år sidan politikarane i kommunestyre var samla til budsjetthandsaming, eit år med ein pandemi som har lagt føringar på kvardagen til alle.

Me har vedteke budsjett for 2021 i balanse. Kommunestyre la inn at i budsjettet «eldre hjelper eldre», eit viktig tiltak som gjelder utkøyring av mat til heimeverande eldre.

I Kviteseid har me hatt eit smittetilfelle og vore skåna i så måte. Eg er sikker på at alt arbeidet som er gjort vil gjere oss klare, men ved eit høgt smittetal så veit eg at arbeidsbelastninga vil bli stor, med det i tankane så har eg  heile kommunestyret med meg på å sende ut ein stor TAKK til alle einingar og tilsette for den store innsatsen og arbeidet som er lagt ned for å få kommunen til å virke, me skal heller ikkje gløyme alle dei flotte innbyggjarane me har i heile Kviteseid kommune som og har vore flinke med handhygiene og avstandstaking.

Me har gjennom heile året hatt ei positiv folketalsutvikling og det er kjempe moro. Heile Kviteseid kommune har mykje godt å by på. I budsjettet er det og sett av midlar til tomteutvikling i Morgedal og Vrådal.

God jol og eit godt nytt år til alle!!

Sommarhelsing 2020

Nå er det mange som skal ha eller har ferie, i år blir mange moglegheiter for å bruke eige nærområde og oppleve alle dei gode aktivitetane som finst i regionen. Me har alle vore gjennom ein krevjande tid, som ingen har opplevd før - då meiner eg det er viktig å bruke ferien til lade batteria.

I Kviteseid kan ein prøve seg på stolpejakt, dette er flotte turar der ein registrerar stolpane på telefonen. Meir info på: https://stolpejakten.no/omraader/kviteseid. Stø opp om lokale reiselivsbedrifter og næringsliv. Sjekk ut fjelltelemark.no der er det mange gode reiseforslag.

Viktig å hugse på som reisande:

• Hold minst 1 meter avstand

• Vask hender ofte og grundig

• Hald deg isolert om du er sjuk.

 helsenorge.no/coronavirus

Eg vil ynskje alle ein riktig god sommar,  og god tur!

Bjørn Nordskog
Ordførar

https://nb-no.facebook.com/kviteseid.kommune.no/

17. mai 2020

17.mai 2020

Gratulerer med dagen alle saman, som ordførar i Kviteseid er eg stolt av innsatsen alle i Kviteseid har gjort i denne tida me er oppe i.

1814 var eit år i Noreg si historie der det viktigaste dokumentet som sikra norsk sjølvstende og  demokratisk utvikling blei til. Grunnlova blei skriven på Eidsvoll.                                                                 Den 10.april kom 112 valde representantar til Riksforsamling i Eidsvollsbygningen for å gjere forberedande arbeid for ei grunnlov.

Me har alle vore gjennom ei tid som grensar mot det uverkelege, ingen har opplevd noko liknadene i fredstid. Alle har gjort ein kjempe innsats med god hygiene, halde avstand og ikkje reist unødvendig. Nå er det 17.mai det må markerast, det blir ei annleis feiring enn me er vande med. I år blir feiringa saman med familie og dei nærmaste. Hornmusikken i Kviteseid spilar på nasjonaldagen, dette kan alle fylgje på heimesida til kommunen og eg håpar at alle syng med på nasjonalsongen kl:13.00 når heile Noreg skal synge «ja, vi elsker».

Barnetog høyrer 17.mai til, heilt sidan 1870 har grunnlovsdagen blitt markera med barnetog, det kunn med unnatak av krigsåra. I år kan me bruke digitale løysningar for å dele gode bilde og 17.mai augneblink med kvarandre.

Eg ynskjer alle ein riktig god 17.mai,

Tre gonger hurra!

 

Bjørn Nordskog

Ordførar

Hausten 2019

Hei alle saman!

Ved valet i 2015 hadde Kviteseid ein valdeltakelse på 57,9%, ved valet i 2019 auka den til 64,9%.

Dette er ein god auke, landsgjennomsnittet er på 64,7%. Alle parti var einige i starten av valkampen at me skulle gjere ein felles innsats for å auke deltakinga. Takk for god valdeltaking.

 Det nye kommunestyre i Kviteseid blei konstituert den 3.oktober og arbeidet er i gang. Møteplan for kommunale møte ligg på kommunen sin nettsider og kommunestyre blir sendt direkte på heimesida.

Det er moro å sjå for meg som ordførar at det er ei blanding av nye engasjera politikkarar og representantar som har vore med i fleire periodar, dette er eit samspill som er bra.

Alle medlemer av kommunestyre skal gjennom eit folkevalt program, på to kurskveldar der dei mellomanna får ein innføring i rolla som folkevalt.

Eg ynskjer alle ein fortsatt fin haust.

 

Bjørn Nordskog
Ordførar

Jolehelsing 2019

Kjære innbyggjarar!

Nye og gamle politikarar har vore gjennom tre kommunestyremøter. I siste møte før jol starta møte med ein kort presentasjon av alle kommunestyremedlemmane. Alle som ein var oppe etter tur på talarstolen og presenterte seg sjølv. Dette skapa ein god del latter, då det var fleir som ga mykje av seg sjølv. Eg ynskjer at me held på den gode stemninga, også når me tek til at på nyåret.

 I møte 12. desember vedtok me eit budsjett for 2020, der me blant anna sette av pengar til «Ungt entreprenørskap». Dette er ei teneste som har som mål å lære elevar om entreprenørskapets rolle i eit moderne samfunn. Eg vonar dette kan gje ungdomane våre kunnskap og inspirasjon til kanskje å starte ei verksemd i framtida.

Kviteseid kommune er ein god stad å bu, og det veit eg at alle politikarar vil jobbe vidare for. I januar opnar Kviteseid skule etter oppussing. Eg har fylgt arbeidet på skulen i haust, og eg ser fram til den  offisiell opning i januar. Elevane har vore å sett dei nye klasseromma sine, og dei gler seg til å ta skulen i bruk.

Nå nærmar 2019 seg slutten, og jolehøgtida er like om døra. Eit fint avbrekk i mørketida, kor små og store kan ha fine dagar saman.   

2020 byr på ein del utfordringar som me må løyse i lag. Eg har eit godt kommunestyre og ein god administrasjon med meg, så eg er overtydd om at me skal finne gode løysningar saman.

Eg vil ynskje alle ei god jol og eit godt nytt år!

Venleg helsing

Bjørn Nordskog
ordførar