Alt av dagsenter tilbod er stengt på ubestemt tid. I tillegg vil alle samtaler gjennomførast på telefon, med mindre du har fått beskjed om noko anna.

Nokon av oss som arbeider i psykisk helse og rus må hjelpe til i andre belasta helsetenester slik som situasjonen er no. Derfor kan det vere at du ikkje får moglegheit til å ha samtalar med den tilsette som tidlegare har fylgt deg opp. For brukarar som ikkje får nyttiggjera seg av tilbodet dei har, og som opplever eit behov for støtte er vi tilgjengelege på følgande telefon nummer:

  • Vakttelefon psykisk helse og rus barn og unge: tlf 408 01 845

  • Vakttelefon psykisk helse og rus vaksne tlf 977 90 476 eller 971 91 958

Telefonane er bemanna måndag til fredag frå 08:00 – 15:30

 

Me forstår at dette kan vere ei vanskeleg tid for mange. For andre som kjenner behov for å prate med nokon, eller som treng informasjon om ulike tenester finst det fleire ulike hjelpetelefonar og infosider som kan vere aktuelle for deg.

http://psykiskhelse.no/hjelpetelefoner-og-nettsteder