Brunkeberg og Vrådal barnehage lyser etter fagarbeidar/assistent i inntil 240% fast stilling frå nytt barnehageår 24/25. 

 

Me søkjer etter deg som er raus og varm med barna samtidig som du kan bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. 

Dersom det er interne søkjarar kan også andre stillingar bli ledige. Startdato etter avtale. 

 

Arbeidsoppgåver: 

• Fylgje opp grupper og enkeltbarn 

• Leggje til rette og ta initiativ til ulike aktivitetar og vera ein støttespelar for barna i kvardagen 

• Samarbeide med kollegaer og føresette om barna 

• Bidra aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø 

Personlege eigenskapar: 

• Positiv, raus, varm og mild 

• Gode faglege kunnskapar og interesse for pedagogisk arbeid 

• God til å samarbeide med kollegaer, barn og heimar 

• Løysningsorientert og fleksibel 

• Engasjert og leiken i samspel med barna 

• Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar 

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. 

Tilsetting vil skje i samsvar med aktuelle lovar, reglement og avtaler, løn etter tariff. 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. 

 

Spørsmål kan rettast til Anne Helen Berge ved Brunkeberg barnehage tlf: 350 55 360 eller Erna Øygarden ved Vrådal barnehage tlf: 350 55 325 

Søknadsfrist: 27.05.24