Bli med på verdas største dugnad

18. oktober er dagen for årets NRK TV-aksjon, som i år går til WWF, Verdens Naturfond, for å bekjempe plastforsøplinga i havet. På grunn av smittevern blir alle bøsser i år erstatta med digitale bøsser. TV-aksjonen vil difor arrangerast utan dei vanlege bøssebærarane som kjem på døra di, men i år kan alle som vil, vere med på aksjonen. Ynskjer du å vere med på dugnaden - gå inn på  TV-aksjonens nettside blimed.no  og registrer deg som bøssebærar.

Her finn du spørsmål og svar om kva ein digital bøssebærar er.

Om du har lyst til å gje ett bidrag, kan du gå inn her: https://www.spleis.no/bosser her finn du ei oversikt over bøssene som er oppretta i Kviteseid.

Du kan sette inn ditt bidrag på innsamlingskonto: 8380 08 09005.