Den som eig eit byggverk skal sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller annan ulukke. I tillegg til eigaren har òg brukarane plikt til å sørgje for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksinnretningar i forsvarleg stand. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalla særskilte brannobjekt. Dette er byggverk der brann kan føre til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar. Det blir òg stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt.

Tilsynsfrekvensen er:

  • bygningar og område der brann kan føre til tap av mange liv – minst éin gong kvart år
  • bygningar, anlegg og liknande som representerer ein særleg brannfare eller der brann kan føre til store samfunnsmessige konsekvensar – minst éin gong kvart år
  • viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg – minst éin gong kvart fjerde år

Kommunen seier oftast ifrå om tilsynet på førehand, men kan òg gjennomføre tilsynet utan førehandsvarsel. Brannvesenet vurderer da alle forhold som har noko å seie for branntryggleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom ein meiner at tiltaka ikkje er tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmiddel.

Det finst rettleiingsmateriale om korleis krava til branntrygging skal gjennomførast. Sjå lenkja under.

Lovar og retningsliner

Søknadsprosessen

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtak om pålegg, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klageinstansen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er klageinstans for vedtak som er gjort av kommunestyret. For alle andre vedtak som er gjort av kommunen, er kommunestyret eller klagenemnda i kommunen klageinstans.