Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.

Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.

Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.

Målgruppe
Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak

Vilkår
Kravet om avfallsplan gjeld mellom annanybygg over 300 kvadratmeter bruksarealriving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter bruksareal

Lovar og retningsliner
Byggteknisk forskrift (TEK 17) - kapittel 9 Ytre miljø
Byggesaksforskrifta (SAK 10) § 8-1
Avvfallsforskrifta § 11
Alt du trenger å vite om avfall og miljøsanering
Avfallsregler i plan- og bygningsloven (veileder fra DiBK)

Søknadsprosessen
Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.
Avfallsplanen skal m.a. innehalde:

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har samla alle byggesaksskjemaene på sida Byggesaksblanketter.

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
Det kan vere:

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)

For tiltak som både;

  • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
  • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing

vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere knytt opp mot byggjesaksbehandlinga.

Behandlingstid vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak.

Høve til å klage
Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.