Dagtilbod psykisk helse

Tilbod ved Krodokk dagsenter:

Opningstider:  

Mandag: kl 10:00-  15:00                                

Tirsdag: Tilbod om bruk av styrkerommet i Kviteseidhallen (trening på eigen hand).  Tenesta har eige nykkelkort som kan hentast hos oss.

              Kvinner kl 09:00-10:00

              Menn kl 10:00-11:00

Tirsdag: Lunsjgruppe for kvinner kl 10:00

Torsdag: kl 15.30 -21:00 i partalsveker (veke 2,4,6 osv).

Disse tilboda er vedtaksbasera. Dette tyder at du må søkje vedtak via Tenestekontoret for å delta. Tilbodet vert så langt som råd tilrettelagt etter brukarane sine ynskje om aktivitetar innanfor dei rammene me har. Det blir servert eit fellesmåltid alle dagar, som kostar 25 kr per gong.

 

Lågterskeltilbod (tilbod som er åpent for alle, og der det ikkje er behov for vedtak):

Bålgruppe ved Ågapet kvar onsdag frå kl 12 – 15. Det blir servert kaffe og noko å bite i.

Hobbygruppe annankvar torsdag (oddetalsveker) frå kl 11:00 – 15:00 på Krodokk dagsenter.

Andre aktivitetar opent for alle:

  • SYKLING - Me har ein trimsykkel du kan bruke
  • VEVING - Tilsette ved dagsenteret kan hjelpe deg om du har lyst til å veve
  • SYMASKIN - Tilsette kan hjelpe deg om du ynskjer forsøke reparere noko, eller kanskje sy noko nytt?

Det er tilsette ved dagsenteret som kan hjelpe deg med desse aktivitetane på følgande tidspunkt: måndag kl 12:00-15:00 og onsdag kl 10:00-15:00. Tilbod som ikkje krev vedtak er gratis, men du må ringe for å avtale når du vil koma.

Me har og ei facebook-side (Kviteseid psykisk helse- og rusteneste). Den er open for alle og oppdaterast jamnleg.

woman visiting grandmother in nursing home
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Dagsenter for heimebuande personar med demens

Midtsundtoppen Dagsenter er eit dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt eller demens i tidleg fase. Tilbodet er ope måndag, tysdag, onsdag, fredag. På torsdag reiser dei tilsette ut på heimebesøk.
Dagsenteret, i samarbeid med friviljuge, legg til rette for gode opplevingar i fellesskap med andre og tilbyr ulike aktivitetar etter behov og interesser. Me tilbyr henting til og frå heimen, måltid i eit triveleg miljø og avlasting for pårørande.

Kommunen tek ein liten eigenandel. Prisen inkluderar transport, frukost og lunsj.

Sansehage
Ved hjelp av øyremerka statlege midlar vart det  i samarbeid med gartner laga eit «hageprosjekt» i 2019/2020. Dagsenteret hadde tidlegare fått ein stor og flott glasveranda med panoramautsikt over Sundkilen.
Me ynskte å lage ein grusveg frå verandaen, bortover plenen og fram til eit hageanlegg med mange ulike prydplanter, som t.d roser, klematis, kaprifol, kattemynte og villvin. Det var viktig å få inn planter med god duft, og planter som tiltrekkjer seg insekt. Ei fontene, eit fuglebad og fuglekasser kom og på plass i nærleiken av fleire benkar ein kan sitje og kose seg på.
Denne delen av hagen har blitt ein fin samlingsplass for brukerane av dagsenteret, men og for bebuerar på Midtsundtoppen og pårørande når dei er på besøk.

Sjå hageutvikling.no for bilete og meir informasjon

Dagsenter tlf.: 40 91 67 15

Opningstid: 
Måndag og tysdag: 08:00-15:30
Torsdag: Stengt
Fredag: 08:00-15:00

Her kan du søke om denne tenesten. 

Portrait of little girl smiling on background of the blue sky
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Dagsenter for menneske med utviklingshemming

Krodokk er eit dagsenter for menneske med utviklingshemming. Her er det tilbod om aktivitetar iform av handarbeid, matlaging og fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet består av trim i gruppe, svømming og turar i nærområdet.

Avdelingsleiar: Kari Sundet

Tlf.: 35 06 81 81

Send e-post  

Her kan du søke om denne tenesten.