Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Elg på isen ved kyrkja/Ågapet i Kviteseid

Publisert , Oppdatert 22. februar 2024
Bilete av elg

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Det har den siste tida vore mange som har sett ei elgkyr i området nedanfor kyrkja i Kviteseid, og me blir ringt av folk som trur den har gått gjennom isen eller at den treng hjelp på ana vis. Denne ligg ofte enten ute på isen eller i buskane langs land og kviler seg og et, men så langt me har sett er det ikkje noko fysisk gale med den. No er vinteren på hell og dyra har lite ressursar, derfor brukar dei så lite energi dei kan, og har dei funne ein plass det er fint å vera held sei seg der. Dette gjer at ein kan få elg og anna i hagar og rundt husveggar, men berre la dyra få fred og ro så trekkjer dei til skogs att når snømengda minkar.

Både i dette tilfellet og i andre tilsvarande tilfelle er ikkje dette noko me gjer noko med med mindre det er dyr som faktisk har gått gjennom isen eller skada seg på anna vis eller er til fare for nokon. Ikkje skrem den, la den vere i fred!