Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Materiale som inneheld asbest
  • Isolerglassruter som inneheld PCB (eiga returordningr)
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (eiga returordning) 

Du kan få meir informasjon hjå Renovest IKS

Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall. Kommunen si plikt avgrensar seg til å ta imot inntil 1000 kg totalt per år per avfallseigar.
For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.