Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Flyktningar frå Ukraina

Publisert , Oppdatert 08. mars 2022
Ukrainsk flagg

Kviteseid kommune har dei siste dagane fått fleire vendingar frå kommersielle og ideelle/private aktørar som ynskjer å ta imot flyktningar frå Ukraina. Vi har vidaresendt informasjon om dette til UDI, men har på det noverande tidspunkt lite informasjon frå statlege myndigheiter om korleis dette arbeidet skal organiserast. Kommunen retter ein stor takk til dykk alle for det positive engasjementet, og kjem tilbake med meir informasjon så snart vi mottar det.

Spørsmål eller andre vendingar sendast: post@kviteseid.kommune.no