Kjære føresette 

Til hausten skal barnet ditt starte i fyrste klasse. I budsjettvedtaket frå kommunestyret før jol vart det bestemt at Brunkeberg oppvekstsenter, avd. skule skal leggast ned frå 1. august. Denne saka kjem opp som eigen sak i løpet av våren. Ein kan ikkje leggje ned ein skule i eit budsjettvedtak. Du søkjer plass der du høyrer heime, så tar vi det i tur og orden etter at eit vedtak er gjort. 

Skulen samarbeider med barnehagen om nokre tiltak for at barnet ditt skal få ein trygg og god overgang og ein god skulestart. Vi satsar på å gjennomføre prøveskuledag i mai/juni. Det vil kome eigen invitasjon til denne dagen og til foreldremøte. Fyrste skuledag for fyrste klasse vil vere måndag 19. august. 

For å få all kontaktinformasjon skulen treng, ber vi dykk om å nytte elektronisk skjema. Skjemaet finn de på www.kviteseid.kommune.no

Gå deretter inn på «Barn og utdanning» - «Skule» - «Kviteseid» - «skjema» og velg «Innmelding skule»

Frist for innskriving er 1. april.

SFO skal vere eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod til born i 1. - 4. klasse (småskulen) og for funksjonshemma born i 1. -7. klasse (barneskulen) 
i Kviteseid kommune. Verksemda skal vere prega av leik og sosial læring. Ordninga skal også gje omsorg og tilsyn til dei barna som går der. 

Det er tilbod om SFO ved både Brunkeberg og Kviteseid. 

Tilbodet er organisert slik: 

Kviteseid: 
Måndag, tysdag, torsdag og fredag 
Tilbod frå kl. 7:30 til skulestart og frå etter skuleslutt og ut dagen. Kviteseid skule avsluttar SFO kl. 16:45. 
Onsdag er SFO-tilbodet saman med elevar frå Brunkeberg. Opningstida er kl. 07:30 - 16:45. 

Brunkeberg: 
Måndag, tysdag, torsdag og fredag 
Tilbod frå kl. 14:00 - 16:30. 
Onsdag er SFO-tilbodet lagt til Kviteseid skule. Opningstida er kl. 07:30 - 16:45. 

For å søkje om plass på SFO for skuleåret 2024-2025 går du inn på https://skole.visma.com/kviteseid
Denne lenkja ligg også ute på kommunen sine heimesider. Du loggar inn med ID-porten, det vil seie bankbrikke eller bankID på mobil. 
Legg inn oppstartdato 21.08.2024. Søknadsfristen til SFO er 1. april. 

Skyssreglar: 
Elevar på 1. trinn som har meir enn 2 km veg mellom heim og skule og elles alle elever som har meir enn 4 km veg, har rett til skyss mellom heim og skule. Dette gjeld til den skulen som heimen krinsar til, dvs. nærskulen sin. Vel føresette og elever ein annan skule, må dei sjølv dekkje ekstra skysskostnader til og frå skulen. Elevar har ikkje har rett til skyss fram og tilbake til SFO. Skulen søkjer om busskort til elevar som har rett på skyss. 

Velkomen til skule og SFO i Kviteseid kommune! 

Med helsing Odd-Arne Thorbjørnsen, rektor