Det er Marianne Fehn og Beate Darrud frå Foreldreutvalget for barnehager (FUB) som leiar oss gjennom kvelden. Tema er trygt og godt barnehagemiljø og korleis barnehagen og heimen kan samarbeide.

Dette seier dei sjølve om tema:

Trygt og godt barnehagemiljø – korleis kan heim og barnehage samarbeide?

Alle barn har rett til eit trygt og godt miljø i barnehagen. Eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehagen er viktig for å førebygge, avdekke og stoppe mobbing.
På same måte som barnehagen skal involvere foreldre i arbeidet med å lage et trygt og godt miljø for barna, må foreldre sjølv ta initiativ og engasjere seg. Alle vaksne har ansvar for å hindre at barn føler seg utanfor eller ikkje har det bra.

Dette tek vi opp:  

  • Kven er FUB og kva gjer vi?
  • Kva er mobbing i barnehagen?      
  • Leik og vennskap førebygger mobbing
  • Eit godt samarbeid heim - barnehage
    • Korleis kan foreldre bidra til å skape
      gode relasjon
      er mellom barn?
    • Korleis kan barnehagen involvere
      foreldrene?
  • Foreldrenettverk

Det blir lagt opp til å dele tankar med sidemannen. 

Foreldreutvalget for barnehager (FUB) er et nasjonalt, uavhengig organ for foreldre med barn i barnehage. Her kan du lese meir om dei.

Vel møtt til ein hyggeleg kveld!