Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i Kviteseid kommune.Oppgåvene som overførast til Skatteetaten i november er blant anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggs forskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattester og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Meir informasjon kjem på nettsida til Kviteseid kommune og på skatteetaten.no.