Frå hendinga før jol har me erfaring med at den kraftige vinden kan gje oss store utfordringar. Det vil difor vera viktig å sikre lause gjenstandar, unngå unødig ferdsel på utsette stader. Straumforsyning kan bli påverka som fylgje av tre som knekk eller kjem over straumnettet og enkelte vegar kan bli stengt grunna tre eller andre objekt i vegbanen.
 

Kommunen har fokus på beredskapen. Blir det straumbrot/kommunikasjonsproblem slik at ein ikkje får kontakt med legevakt, kan innbyggjarane i Kviteseid reise til Kviteseid omsorgssenter om det er akutt behov for helsehjelp på kveld- og nattetid. På dagtid vil legekontoret vera bemanna som normalt.

Fylg med på vervarselet på varsom.no

Råd om kva som kan vera lurt å forberede seg på heime finn du her

Med helsing 

Beredskapsleiinga