Den nye appen er ein heilt anna versjon enn appen som blei publisert i vår. Den brukar vesentleg mindre batteri, og det er ingen som kan sjå kven du er, kor du er eller kven du møter. Appen er også basert på open kjeldekode.

- Smittestopp vil gje brukaren ekstra tryggleik ved at ein raskt kan få varsel om ein har vore i nærleiken av nokon som er smitta. Ein kan også raskt varsle andre om ein sjølv er smitta, sier assisterende direktør ved FHI, Gun Peggy Knudsen.

  • Last ned appen til Iphone på App Store (sjå etter Smittestopp med to p-ar til slutt, den med ein p er den danske)
  • Last ned appen til Android-telefoner på Google Play (same som over)

Ingen kan sjå om du melder smitte

Dersom ein person med koronavirus gjev beskjed gjennom Smittestopp, får du melding dersom du har vore i nærleiken av vedkomande. Dersom du sjølv blir smitta, kan du gjere det same. Dermed kan appen vere med på å hindre at fleire blir sjuke.

Verken du eller nokon andre får kjennskap til kven det gjeld, bare at du har vore i nærleiken av nokon som er smitta.

Kjelde: https://www.fhi.no/nyheter/2020/ny-smittestopp-app-klar-for-nedlasting/