Har du nokre timar til overs for andre?

Me treng støttekontaktar!

Ynskjer du å bidra til at andre får ei sosial og meiningsfylt fritid?

Er du omsorgsfull, påliteleg og trygg på deg sjølv?

Då er dette jobben for deg!

Kviteseid kommune treng støttekontaktar til barn/unge og vaksne. Som støttekontakt kan du bidra med positive opplevingar og utvikling, og vere ein viktig person i eit anna menneskes liv. På denne måten kan oppdraget vere givande også for støttekontakten sjølv.

Støttekontakten må kunne holde avtaler, setje grenser og forhalde seg profesjonelt til rolla si. Støttekontakten må vere ein god rollemodell og overhalde reglar og lovar.

Det er brukarens interesser og behov som avgjer kva for aktivitetar støttekontakten gjer saman med brukaren.

 

Kviteseid kommune treng no fritidsven/støttekontakt til:

Gut 9 år: Dette er ein aktiv gut som trivast best med ein til ein aktivitet saman med deg! Han har behov for nokon som kan bidra til at han kan drive med uteaktivitetar, t.d. sykling, aking og slalåm. Men kan også være glad i å reise på symjing og på kino.

Jente 20 år: Aktiv jente som trivast best i aktivitet ein til ein. Likar shopping, kino, gåturar, skravling, kafebesøk og alt alle andre jenter på 20 år driv på med på fritida si. For å klare desse aktivitetane er ho avhengig av at du kan være med som støtte og ven.

Mann ca 40 år: Glad i fysisk aktivitet og trivast best med vaksne, trygge, rolige menn. Er mest glad å ut på tur i naturen eller eit kafèbesøk. Trivast ikkje i større forsamlingar eller på kino/show osv.

Antal timar i veka er avhengig av den enkelte sitt vedtak. Timelønn som støttekontakt er frå 01.01.23 166 kr/t. Km. godtgjering og utgiftsdekning til aktivitetar vurderast ut ifrå det enkeltes vedtaket. Støttekontakt må legge fram godkjend politiattest, som ikkje er eldre enn 3 mnd. Det er ynskjeleg at du er over 18 år og at du har førarkort kl. B. Av hensyn til den som treng støttekontakt, ynskjer me at du kan påta deg oppdraget i minimum eit år. Det stillast ingen formelle krav til utdanning, men det kan vere ein fordel med erfaring frå arbeid med menneske.

Kontakt:

Einingsleiar for EFF:

Unni E. Øygarden

Tlf: 35 06 81 61

Mobil: 90 25 16 83