Helsestasjon 0-5 år
Helsestasjonen fylgjer barnet frå fødsel til skulealder.
Dette er våre oppgåver:
- Heimebesøk av både jordmor og helsesjukepleiar
- Barselomsorg
- Barseltreff. Helsestasjonen inviterar til fyrste møte på helsestasjonen saman med jordmor.
- Spe- og småbarnskonsultasjonar med lege, fysioterapeut og helsesjukepleiar
- Helseundersøkingar og vaksinasjon for barn frå dei er nyfødte til skulealder
- Foreldrerettleiing og -rettleiing
- Reisevaksinasjon
På Helsestasjonen 0-5 år vil du hovudsakeleg møte helsesjukepleiar Vivian. Ho jobbar måndag, tysdag og torsdag. Helsestasjonen har eit spesielt ansvar for å følgje med på barn og familiar i potensielt vanskelege livssituasjonar, og vil sørgje for hjelp og oppfølging både til barna og foreldra deira.
Helsestasjonen samarbeider med barnehage, barnevern, skule og sosial- og helseetaten ved behov.

Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark
Frå 01.01.2018 har jordmortenesta i kommunane Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal vore i eit interkomunalt jordmorsamarbeid: Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark. Saman dekkjer me oppfylgjing i svangerskapet, fylgjeteneste ved fødsel og oppfylging i barseltida.
Jordmorvakta i Seljord
Jordmorvakta er eit bindeledd mellom kommunene og Sykehuset Telemark.
Det er alltid ei jordmor på vakt: telefonnummer 35 02 16 24 (heile døgnet).
Du kan ringe jordmorvakta i svangerskapet, ved fødsel og i barseltida. Dette kan for eksempel gjelde blødning i svangerskapet, lite liv, vassavgong, rier, brystbetennelse eller andre spørsmål som ikkje kan vente.
Adresse: Jakob Naadlandsveg 28 i Seljord. Ring alltid før du kjem i tilfelle jordmor er ute på oppdrag. Skulle du av ei eller anna årsak ikkje få kontakt med jordmorvakta, kan du ringe sentralbordet ved Sykehuset Telemark (35003500) eller direkte til fødeavdelinga (35004764). Jordmor i Tokke, Lise Skolås, er også ein av vaktjordmødrene på jordmorvakta.
Oppfylging hjå jordmor på helsestasjon
For oppfylging i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnummera er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.
Kommune |
Namn |
Telefonnummer |
Besøksadresse |
Vinje |
Helene Mølster Byggland |
40 90 77 94 |
Vinje helsestasjon |
Seljord |
Mirjam Thorkildsen Schade |
90 59 81 06 |
Seljord Helsestasjon |
Kviteseid |
Merete Kaste |
90 59 46 51 |
Kviteseid helsestasjon |
Fyresdal |
Trude Tennefoss Fostervold |
90 41 71 57 |
Fyresdal helsestasjon |
Jordmorvakta i Seljord |
Sissel Aardalen Brekke |
99 40 18 60 |
|
Oppfylging i svangerskapet er eit tilbod til alle gravide. Jordmor har kompetanse til å ta seg av friske gravide, og henviser til spesialisthelsetenesta ved behov. Partnar er velkomen til å vere med på ein eller fleire konsultasjonar. Me har teieplikt. Tilbodet er gratis. Me bestillar tolk om du har behov for det. Det er ditt valg om du ynskjer å gå til oppfylging hjå jordmor, fastlege eller ein kombinasjon.
På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:
- Fylle ut helsekort for gravide
- Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
- Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
- Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt
- Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
- Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
- Tilby erklæring av farskap
Innhaldet i svangerskapskonsultasjonane handlar óg mykje om kva den einskilde har behov for, og me tilpassar tilbodet etter dette så langt det er mogleg.
Etter fødsel tilbyr jordmor tidleg heimebesøk, helst innan tre dagar etter at de har kome heim frå sjukehuset, samt vidare oppfylging ved behov. Fleire av jordmødrene tilbyr også prevensjon og etterkontroll.