Personar i risikogruppa som bur eller har fastlege i Kviteseid kan få vaksine i Kviteseid.  Alle må bestille tidspunkt på førehand på telefon 35 06 82 50.

Dei som kan ta kontakt for vaksine i veke 42 er:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Born og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
    • svært alvorleg overvekt (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
    • gravide etter 12.svangerskapsuke (2. og 3. semester). Gravide i 1. semester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.

 I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris

Det blir vaksinering i stort lokale for fleire samtidig, så det er viktig at dei som skal vaksinerast enkelt kan skaffe seg ein bar overarm. Helsepersonell med pasientkontakt som arbeider i Kviteseid kommune vil få tilbod om vaksinen på andre tidspunkt.

Sjå video frå FHI under:

Vaksne med tilstandar som gjer økt risiko for influensa sjukdom anbefalast influensavaksine:  https://vimeo.com/showcase/8567455/video/566995813

Barn og unge med økt risiko for influensasjukdom anbefalast influensavaksine: https://vimeo.com/showcase/8567455/video/466086498

Her kan du lese meir om kvifor det er lurt å ta vaksine mot sesonginfluensa.  PDF document ODT document