Tilsette i helsetenestene i Kviteseid kommune som har teikn på luftvegsinfeksjon i form av hosting eller nysing og dei som har feber, blir no tekne ut av pasientrelatert arbeid. Dette for å førebyggje smitte til sårbare grupper. Det er viktig å understreke at dette ikkje er tilsette der ein mistenkjer koronasmitte. Dette er eit tiltak for å hindre smitte av all form for luftvegsinfeksjon. Ved eit eventuelt utbrot av koronaviruset i kommunen, er det naudsynt å gjera tiltak for å unngå at sårbare grupper blir utsett for andre luftvegsinfeksjonar, då fleire pågåande infeksjonar er ei større påkjenning for den einskilde.

Dette tiltaket gjeld berre tilsette i helsetenestene.

Når det gjeld tiltak knytt til koronavirus fylgjer kommunen til ei kvar tid råd og retningsliner som kjem frå helsestyresmaktene.

Informasjon og råd vil bli justert og oppdatert i samband med utbrotet si utvikling og kunnskap om infeksjonen.

Klikk her for å lese meir og få til ei kvar tid oppdatert informasjon: Folkehelseinstituttet koronavirus

Situasjonen vil få konsekvensar for korleis vi må prioritere pasientar på legekontoret. Pasientar med akutte behov vil bli prioritert. Når det gjeld andre brukarar av kommunen sine helsetenestar gjeld det same.